Med utgjevingi av EPen ”Atterava?” og påfølgande turnéaktivitet har rockeorkestret Tyyl! gjort kometkarrière i den norske undergrunnen. Kontant og fengande rock med tekstar på sognamål fell tydlegvis i smak hjå musikkelskarar landet over.
Bandet fann si noverande form først i januar 2008, då Torkjel Solbraa,
Håvard Øyrehagen og Jon Landsem fekk selskap av Vegard Styvi Loftesnes i
øvingslokalet i Blitz-kjellaren. Loftesnes hadde vore innom bandet ved tidlegare høve, men aldri samstundes med Landsem. Etter kvart byrja snøballen å rulla, og sidan har den balla på seg både i studio, på klubbkonsertar og på festivalar.
Av høgdepunkt i Tyyl! si turnerande karrière kan nemnast konsertar under Vinjerock på Eidsbugarden, Rootsfestivalen i Brønnøysund, Uka i Ås, Rockefeller, Mono og Garage i Oslo, Målrock i Årdal, Checkpoint Charlie i Stavanger og Fres Festival i Sogn.
Namnet Tyyl! er ein meir insisterande variant av uttrykket tyl, som vert
nytta i dialektar frå Voss i sør til Sunnmøre i nord. Ordboki seier at tyl tyder det
same som tosk eller styving, og den personen som vert kalla tyl står ikkje
spesielt høgt i kurs hjå den som seier det.
I august 2010 kjem Tyyl! med sitt første album - "Ber Bod". Følg med!