Nyheiter Tyyl! Konsertar Lyd Video Tekstar Bilete Kontakt

Kun det tapte

Salig ser eg alt som hender
søkjer det som gjer meg fri
Evig eig ein kun det tapte
eg eig mykje tapt tid

Kjenner trykket frå himmelen
Går og gneg på alt eg har forsaka
Trur på at det losnar til sommaren

Svarte hol gir kvar dag rytme
Lever i utakt med meg sjølv
Vikla fast, slik kjem eg alltid
rekande på same fjøl

Grev i ord, men klarer aldri tolka meg

Kjenner trykket frå himmelen
Går og gneg på alt eg har forsaka
Trur på at det losnar til sommaren

tyylrock@gmail.com