Nyheiter Tyyl! Konsertar Lyd Video Tekstar Bilete Kontakt

Høyr itte

Høyr itte
rettargang er nær
Lat ikkje vitet sløvast av begjær
Høyr itte
slutt å sleika jord
Trekk inn di kløyvde tunge, hald ditt ord

Snusar mot eit fjernt mål, eg ter meg som ei bikkje
Teften av litt kjøt fører meg inn på gale spor

Spalta sjeler flyg i avmaktsrom
Ser ned på alt eg eig og har
Vitet mistar grepet om handlingi
So tek eg plutseleg del i det

Når eg vender andre kjaken til,
får eg eit slag av eige hykleri
Tentaklar grip min apati
og strammar til om eg prøver bryta fri

Spalta sjeler flyg i avmaktsrom
Ser ned på alt eg eig og har
Vitet mistar grepet om handlingi
So tek eg plutseleg del i det

Snusar mot eit fjernt mål, eg ter meg som ei bikkje
Held du fram ein kjøtbit ,så veit du eg vil sitja

Spalta sjeler flyg i avmaktsrom
Ser ned på alt eg eig og har
Vitet mistar grepet om handlingi
So tek eg plutseleg del i det

tyylrock@gmail.com