Hallo til bratte år
Livet krapt i svingen går
Treng ei bru for å veksa
Frå der eg står
Eg sver at eg hatar deg
Du er so teit og ynkeleg
som ikkje ser at eg er vorten stor
Eg lever ikkje i di tid,
ei for å gjera deg litt blid
Eg drit i deg, for eg får lov av mor
Kva med far?
Kva so?
Høyrer at du spør, eg har svara før
Evig mas
Eg dreg og kjem heim på søndag
Eit kjøtsår frå Amors pil,
og verdi rundt vert ustabil
Men kryssar du eit punkt, so vil du aldri snu
Kva med far?
Kva so?
Høyrer at du spør, eg har svara før
Evig mas
Eg dreg og kjem heim på søndag
Farvel til smale sti
Og til uskuldens tid
Treng ei bru for å veksa
Frå der eg står