Nyheiter Tyyl! Konsertar Lyd Video Tekstar Bilete Kontakt

Barnelærdom

Kan du lova meg å aldri forgå?
Meir treng du ikkje
Å mista tru og håp, det kan eg forstå
Men det vil alltid betre gå

Løys deg opp, du må ikkje vera so streng
For det treng du ikkje
At allting knyter seg,det kan eg forstå
Men det vil alltid betre gå

Gjer det godt å tenka kun på seg sjølv?
Nei, det trur eg ikkje
Å visa omsyn er noko alle må
Då vil det alltid betre gå

So om du heng med hovudet og står på vaklande grunn
Om du søkk mot djupet, du flyt nok opp om ein stund

Kjenn på varmen frå ein lysare dag
Meir treng me ikkje
Å visa omsyn er noko alle må
So vil det alltid betre
Ja det vil alltid betre
So vil det alltid betre gå

tyylrock@gmail.com